Overnatting

(Gje beskjed om du har med hund)

Bryllaupsdagen og festen blir på Turtagrø Hotell laurdag 23. - søndag 24. mai 2026. Me håpar så mange som mogleg ynskjer å booke rom denne natta. Tenk kor magisk det blir å vakne opp med vakre og spisse tindar rett utanfor soveromsvindauget! Ein kan og booke rom heile helga på Turtagrø om ein ynskjer det. Me bur der laurdag til søndag.


Dersom nokon ynskjer å booke overnatting andre plassar før laurdagen, finst det mange andre overnattingsmoglegheitar i nærområdet rundt Luster.

Sjekk ut kartet under aktivitetar for å finne desse.

Turtagrø Hotell

I hovudhuset er det:
12 dobbeltrom
3 tårnrom, der 2 av tårnromma har hems
2 handikaprom
2 familierom med innebygd køyeseng i tillegg til dobbeltseng (twin)

I Sveitservillaen er det 62 sengeplassar fordelte på 19 rom

10 rom med 2 senger, 4 rom med to enkeltsenger og 6 rom med køyesenger
2 rom med dobbeltseng og 2 senger i køyeseng
6 rom med 4 senger i køyesenger
1 rom med 6 senger i køyesenger

Felles toalett, bad og dusj i gangen

Eigen vask på alle soveromma

Prisoversikt Turtagrø Hotell 2026

Hovudhuset:

Enkeltrom (Dobbeltrom med 1 person)
kr 2570 m/frokost

Dobbeltrom
kr 3580 m/frokost

Familierom 4 voksne
kr 6120 m/frokost

Tårnrom 2-3 vaksne eller 2 voksne og 2 born (To med hems, alle med ekstraseng om ynskjeleg)
kr 4120 m/frokost

Sveitservilla (Felles fasilitetar):

Twinrom
kr 2080 m/frokost

Familierom
kr 3440 m/frokost

Priser per seng
2-sengsrom

kr 990 m/frokost

4-sengsrom
kr 860 m/frokost

6-sengsrom
kr 860 m/frokost

Hotellet sender ut bekrefting på e-posten som vart registrert ved innlogging på vår nettside. Huks å sjekk søppelposten!

Dobbeltrom - Hovudhuset

Vert og selt som enkeltrom

Dobbeltroma i hovudhuset på Turtagrø byr på ei lun og kosleg ramme midt i mektig høgfjellsnatur. Romma er innreidde i tradisjonell stil, med varme fargar og komfortable senger som inviterer til kvile etter ein dag ute i fjellet. Her vaknar du til stilla i Jotunheimen og kan nyte den særprega atmosfæren i eit hus med lange tradisjonar for fjellfolk og reisande. Eit triveleg og avslappande opphald, tett på både natur og historie.

An image
An image
An image

Tårnrom - Hovudhuset

Dei finaste romma har ekstra store vindauge, mykje lys og ei fantastisk utsikt. To av tårnroma har ei fin hems med plass til to gode vener. Alle romma har eige bad med dusj eller badekar. Her kan ein få inn ei ekstraseng om ein heller ønskjer det.

Tårnroma i hovudhuset på Turtagrø byr på eit heilt spesielt og stemningsfullt opphald. Med si unike plassering og særpreg gir romma ei kjensle av ro og nærleik til fjellet, saman med flott utsikt mot den storslegne naturen rundt. Innreiinga er lun og tradisjonell, og romma inviterer til avslapping etter lange dagar ute i høgfjellet. Her får gjestene ei ekte Turtagrø-oppleving, der historie, atmosfære og fjellro går hand i hand.

An image
An image
An image

Familierom - Hovudhus

Familieromma i hovudhuset på Turtagrø byr på god plass og ei lun, heimleg stemning som passar perfekt for små og store som reiser saman. Romma er innreidde i tradisjonell stil, med komfortable senger og ei roleg atmosfære som gjer det lett å slappe av etter ein dag med fjellopplevingar.

Her kan familien samlast i trygge og trivelege omgjevnader, med nærleik til både naturen og den særeigne stemninga i hovudhuset. Familieromma gir ei varm ramme rundt opphaldet – ein stad å lande, kvile og dele gode stunder midt i Jotunheimen.

An image
An image
An image

Sveitservilla

Sveitservillaen byr på ei sjarmerande og romsleg ramme for opphald på Turtagrø, med ei lun og personleg stemning som gjer det lett å kjenne seg heime. Romma har ein klassisk og varm stil, inspirert av historia og arkitekturen i bygget, og passar godt for både familiar og mindre grupper.

Her bur du komfortabelt i rolege omgjevnader, med kort veg til hovudhuset og den storslegne naturen rundt. Sveitservillaen er ein triveleg stad å samlast etter ein dag i fjellet – ein stad for kvile, gode samtalar og ekte fjellro.

Det er fleire ulike romtypar i Sveitservillaen, tilpassa både enkeltreisande, familiar og vennegjengar.

2, 4, 6 sengsrom
Nokre av romma har køyesenger og vert leigde ut seng for seng, etter sovesalskonsept. Desse romma har plass til to, fire eller seks personar. I tillegg er det andre romtypar der ein leiger heile rommet.

Twinrom
Twinroma har to enkle senger av god kvalitet og inga køyeseng. Desse romma vert leigde ut som heilskap, og passar godt for to som ønskjer eige rom.

Familierom
Familieromma har éi dobbeltseng og ei køyeseng, med plass til fire personar. Dette er eit godt alternativ for familiar eller vennegjengar som ønskjer å bu saman på eige rom. Også her leiger ein heile rommet.

Du må ta med eige sengetøy eller lakenpose. Ønskjer du litt ekstra hotellkomfort, kan du leige sengetøy og handkle hos hotellet.

Det er felles dusj og toalett i gangen, og eigen vask på kvart rom.

Her ser de dei forskjellige romma.
1. Twinrom Sveitservilla
2. Familierom Sveitservilla
3. Tosengsrom Sveitservilla
4. Firesengsrom Sveitservilla
5. Sekssengsrom Sveitservilla

Twinrom Sveitservilla
Familierom Sveitservilla
2 sengsrom Sveitservilla
4 sengsrom Sveitservilla
6 sengsrom Sveitservilla

Vegbeskriving Turtagrø Hotel