Den store dagen

Vigsle12.00Dale Kyrkje
Mingling og velkomstdrink + matbitCa. 14.00/15.00Utafor Turtagrø Hotell
MiddagCa. 17.00/18.00Restauranten
Fest og hyggeCa. 20.00-02.30Kjellerstova

Etter vigsla i kyrkja håpar me å få helse på så mange som mogleg. Då er me nok fulle av glede og har lyst å dele litt av den med dykk! Når klemmane er unnagjort, lurer me oss til å ta nokre bilete utanfor kyrkja.

Deretter set me oss i bilane, saman med næraste familie og forlovarar, og køyrer avgarde til doktorgarden i Luster, der Vegill har sprunge rundt sidan han var ein neve stor. Der vil me knipse fleire bilete, denne gongen med sjølvaste Lustrafjorden og dei flotte fjella som bakteppe.

I mellomtida kan resten av gjestene bevege seg vidare til Turtagrø, sjekke inn, mingle og nyte livet i godt selskap blant tindar og frisk luft. Når me kjem opp etter fotograferinga, håpar me alle er klare for eit stort, flott fellesbilete med Hurrungane i bakgrunn!

Etterpå tek me oss eit par velfortente drinkar og litt påfyll av mat før middag og festlegheiter tek til for alvor.

Me gler oss til å feire dagen saman med dykk! 🎉💛

Toastmaster

Rolf Høiseth

Rolf Høiseth

Toastmaster Rolf har ansvar for å leie bryllaupsfesten trygt og elegant gjennom dagen. Han held oversikt over programmet, introduserer talar og innslag, og sørgjer for fin flyt og god stemning. Med varme, humor og stødig hand bind han feiringa saman, slik at alle kan lene seg tilbake og nyte dagen fullt ut.

Gje han ein lyd dersom du har noko på hjartet 😊

Kveldens speleliste

Kjære alle fantastiske gjester!
Me har laga denne spelelista fordi me fort skjønte at me anten måtte bli DJ-ar sjølve, som er ein mildt sagt dårleg idé, eller satse på at de har betre musikksmak. Så då legg med det heile og fulle ansvaret over på dykk.

Legg gjerne inn favorittlåtar, guilty pleasures, danseslagarar, 90-talsperler, romantiske balladar eller noko heilt på kanten – men hugs: om du legg inn ein skikkeleg rar song, må du danse til han. Åleine. Framfor alle.

Hjelp oss å lage ein fest med høg stemning, mykje latter og ei speleliste som gjer at me aldri gløymer denne kvelden (eller i det minste lurer på kva som eigentleg skjedde).

Tusen takk for at du bidreg – dette kan bli både magisk og mildt forvirrande. Akkurat slik eit godt bryllaup skal vere! 💃🕺💍✨

Vegbeskriving Dale Kyrkje