🌊 Felles samankomst før bryllaupet – Fjordspa-kos i Lustrafjorden

🌊 Felles samankomst før bryllaupet – Fjordspa-kos i Lustrafjorden

Kjære gjester! Før den store dagen ynskjer me å samle alle som har lyst til ei uformell og koseleg stund saman. Me inviterer til bading i Lustrafjorden, badestove og boblebad – eller berre sosial hygge på land. Me set opp eit langbord med snacks og drikke for dei som heller vil slappe av, prate og vere med på stemninga utan å hoppe i fjorden. Badestova og stampen har plass til 20 personar, så dei som melder seg på først får prioritet. Men alle som vil kan ta med badeklede – vi rullerer undervegs slik at flest mogleg får bade og kose seg. Alle gjester som kan, er hjarteleg velkomne! Dei som berre vil mingle, treng ikkje å melde seg på. Påmelding gjeld berre for sjølve fjordspa‑delen. Me håpar de har lyst til å bli med og setje ein avslappa og god start på bryllaupshelga! 💙✨
Luster Fjordhytter (Høyheimsvik)
fredag 22. mai kl. 17:00 - 19:00
11 / 20 påmeldt

Logg inn for å melde deg på

Andre aktivitetar å gjere i Luster